Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult
A A A
Kjell Tomter, fiolin, Lars Andreas Tomter, bratsj, Håvard Gimse, flygel og Øyvind Gimse, cello på opningskonserten av Liaskulen kulturmøteplass 22.feb. 2010.

Liaskulen kulturmøteplass opna med stjernekonsert

Jeanette og Morten Schakenda har ikkje berre kjøpt liaskulen til privathus. No har dei også gjort heimen sin til kulturmøteplass, gjestfri og nyskapande som nokon.
Opningskonserten måndag var ein overveldande intimkonsert med nokre av dei fremste musikarane i landet innan klassisk musikk. Brørne Øyvind og Håvard Gimse (cello og flygel) og brørne Kjell og Lars Andreas Tomter (fiolin og bratsj) tok pusten frå ei fullstappa storstove i Lia.
2010-02-23

Bli med på vinterfesten i Bøverdalen 5-7 mars!

Vinterfestivalen Bøverbrus har i år eit fullspekka program, 5-7. mars kan du oppleve Bøverdalen på sitt beste med spennings fylte aktivitetar, kulturelle innslag samt sosiale samankomstar.
2010-02-18
Martin Sanden Akslen syng på UKM

Fire innslag frå Lom gjekk vidare

Den lokale mønstringa for unge i norddalen vart avvikla sist helg. Av over 50 innslag på UKM for seniorar (13-20 år) sundagen gjekk 19 innslag vidare til fylkesmønstringa. Heile fire av desse er frå Lom.
Dei som gjekk vidare frå Lom er Onnbrokjé mi (fotoutstillinga "Tusen ord" av Marit Sletten og Live Andrea Sulheim), Martin Sanden Akslen (song), Annbjørg Pasteur Stø (song) og Vemund Olav Aukrust (klaver). Vi gratulerer og ynskjer lykke til på fylkesmønstringa på Leira i Valdres 16.-18.april!
2010-02-11
Aksel-Hagen_large
Aksel Hagen frå Oppland SV held opningsinnlegget på årets Bøverbrus seminar. Seminaret som har fått tittelen "Vern og verdiskaping hand i hand?" Vert arrangert fredag 5. mars, på opningsdagen til vinterfestivalen Bøverbrus. Programmet for seminaret finn du under.
2010-02-10
Kart over Haití på øya La Española i Karibia.

I kveld kl. 18-21 i Garmo

Garmo idrettslag oppmodar alle til å gå for Haiti i kveld - på ski eller føtene.
Coop Ottadalen, Ottadalen Mølle, Lom Møbelindustri og Sparebank 1 Lom og Skjåk vil saman gje 20kr for kvar km som blir gått i kveld. Nytt høvet og gje ei hjelp til trengjande på Haiti samstundes som du får deg ein frisk tur sjølv.
Les meir på Garmo idrettslag si nettside www.garmo-il.com.
2010-02-10
Kjartan Haugen Foss i intens konsentrasjon i eit forrykande gitarspel på UKM junior i Vågå kulturhus 6.feb. 2010.

UKM ei imponerande samling unge kreative krefter

I helga var det UKM i Vågå. Ungdommens kulturmønstring er årleg arrangement over heile landet. Mønstringa i Vågå var for dei seks norddalskommunane Lom, Vågå, Skjåk, Lesja, Dovre og Sel. I Vågå kulturhus fekk dei yngste frå 10 år boltre seg laurdag, medan dei frå 13 til 20 hadde to framsyningar sundagen. I alt hadde nær 250 unge 75 innslag på tri framsyningar i Vågå. Imponerande!
Frå Lom imponerte Kjartan Haugen Foss med virtuost gitarspel på juniormønstringa. (Foto: GD.)
På seniormønstringa imponerte våre deltakarar med ulike uttrykk: Hilde Graffer (film), Martin S. Akslen (song), Vemund Olav Aukrust (flygel), Magnus Bø (novelle), Ragnhild Kvåle Olstad (song), Onnbrokjé mi (Foto av Marit Sletten og Live Andrea Sulheim), Marina Kvålshagen (song) og Annbjørg P. Stø (song).
Heile fire av Lom sine innslag går vidare til fylkesmønstringa på Leira vgs 16.-18.april. Solid innsats frå Lom, m.a.o. Kva for fire innslag det gjeld er ikkje offentleg enno.
2010-02-08
Ei jente på ski i full fart i ljosløyperenn i Lia.

Oversyn over faste lagsaktivitetar i Lom

Vi skal etter kvart få dei faste aktivitetane i kalenderen oppe til høgre der arrangement og og kurs er no.
Inntil vidare finn du eit oversyn under menylina øvst når du klikkar du på FRITID. Då kjem du til FASTE AKTIVITETAR.
Oversynet er ikkje fullstendig, så om du veit om aktivitetar som ikkje står der, er det fint om vi får ei melding om det.
På førehand takk!
2010-01-26
Ivrige unge i Lom stiller til start kvar veke i ljosløyperennet.

Rundt 100 ivrige unge på ski kvar gong

Det er eit svært aktivt skimiljø i Lom. Det syner seg på fleire måtar. Ikkje minst i den store iveren og deltakinga på ljosløyperenna i Lia kvar tysdag kl. 18.30. Rundt 100 deltakar frå dei nesten nyfødde med ski på føtene til dei meir drivne og tilårskomne. Eit slikt miljø står det mange eldsjeler bak som gjer ein eineståande innsats for dei unge i bygda. Og med slik innsats og breidde blir det også fort nokre "northugar" innimellom. Det har vi også i Lom. Det ser ein tydeleg på sportssidene i avisa om dagen.
Ikkje til å undre på at skigruppa i Lom i.l. no satsar på å ruste opp det tilårskomne og velbrukte anlegget.
2010-01-24
Teater om Tor Jonsson og Alf Prøysen

En sorgmunter fabel om Tor Jonsson og Alf Prøysen

Hedmark Teater har laga ei heilt ny framsyning som har verdspremiere i bygdene våre, nærare bestemt Vågå kulturhus fredag 22.januar kl. 19. Det blir også framsyning sundagskvelden.
Premierekvelden går det gratis ekstrabuss frå Lom. Påmelding til kulturkontoret.
Sjå også NRK2 i kveld kl. 20.00 Aktuelt.
2010-01-18
Røyk frå pipa i Drengjestugu stig opp i sprengkulda medan sola skin bleikt øvst på Lomseggje.

Nær -40 ute og huskaldt inne

Sprengkulda rår i Lomsbygda og i store delar av landet elles. Med kaldegrader som nærmar seg stygt 40 blir det vanskeleg å halde hjula i gong i mang ein samanheng.

I kveld er ungdomsklubben avlyst på grunn av kulde.

Sundag er den planlagde avskilsmessa for presten i Lomskyrkja avlyst. Det blir lagt opp til ei avskilsmesse noko seinare, men det er enno uvisst når dette kan la seg gjera.
Inntil vidare får vi nytte tida til å fyre eller halde varmen på annan måte.
2010-01-08