E æ aktiv, æ du? - Tur til Graffer

“E æ aktiv Æ DU?”inviterer til ein dag med ulike aktivitetar, der dyra er i sentrum. 21. mai 2017 kl 12:00

høner med kyllingar
sau med lam
katt
hest som vi kan ri på
Er vêret bra blir det grilling av pølser ute – ta på godt med klede, ta gjerne med deg eit sitteunderlag. Blir det for dårleg vêr, grillar vi i peisen! Kaffe og kake når de kjem.



Slik finn du fram: Graffer gard, Meadalsvegen 42, 2685 Garmo.



Frå Vågå: Kjør Rv. 15 mot Lom. Eit stykke etter at du har passert Garmo vil du koma inn på ei lang rettstrekning. I enden av denne skal du svinge av til venstre og fortsetja på Meadalsvegen. Du ser garden rett mot deg når du svingar av Rv. 15.



Frå Lom: Kjør Rv.15 mot Vågå. Med det same du kjem opp Rådsbakkane svingar du til høgre og inn på Meadalsvegen.



Påmelding til Lom kommune v/Reidun Øvre Øygard,

epost: reidun.ovre.oygard@lom.kommune.no

tlf. 415 01 865

innan 18.mai



Velkomne!



"E æ aktiv Æ DU" er eit aktivitetstilbod for ungar og ungdom i Nord-Gudbrandsdal med spesielle behov, som fell utanfor anna organisert aktivitet.



Aktivitetsdagane er lagt opp for ungar og ungdom opp til 26 år. Invitasjonen går til familiar i alle seks kommunane i regionen. Vi ønskjer foreldre/føresette og søsken velkomne, og evt andre ledsagarar.



Kvar familie betalar kr 200,- for å delta på aktivitetsdagen.

Arrangør: REGIONKONTORET
Tid: sndag 21. mai 12:00
Kultur og fritid