Tenkjer du på å etablere bedrift?
Skal - skal ikkje? Er du usikker på om du vil delta på etablerarkurs? Det er no mogleg å delta på ein avklaringsdag der du får vite kva som krevst (personleg og formelt) for å starte ei bedrift, korleis du kan gå fram og kven som kan hjelpe deg i etablerarprosessen. Dette dagskurset kan du vere med på 15. september på regionkontoret på Otta. For å få ei avklaringssamtale kan du og ta kontakt med næringssjef Torill Bye Wilhelmsen.
Sjå programmet her for avklaringskurset ´Skal - skal ikkje´
Sjå programmet for etableraropplæringa
Etableraropplæring
Sjølve etableraropplæringa går føre seg på kveldstid på Otta. Det er eit opplæringstiltak for deg som vurderer å starte for deg sjølv. Meir informasjon om etableraropplæring finn du her.





