Planane for fleirbrukshall i Lom er no inne i førprosjektfasen. Skisseprosjektet har vore ute på høyring. Det har vore presentert på stand på martnan og på nettsida vår. I desse dagar blir ei referansegruppe etablert. Gruppa har representantar frå ulike aktuelle brukargrupper og vil koma med konstruktive innspel i planprosessen framover. Dei innspela som ikkje alt er komne bør koma innan skulestart eller helst ikkje seinare enn august.
 |
| Modell av fleirbrukshall sett frå Grov |
Prosjekteringsgruppe
Det er lyst etter fagfolk som frå august vil utgjera ei prosjekteringsgruppe, ei gruppe som skal utarbeide meir fast planar for hallprosjektet. Når prosjekteringsgruppa er i gong med sitt arbeid bør dei ha dei aktuelle innspela tilgjengelege. Innspel seinare i prosessen har mindre sjanse til å nå gjennom grunna tidsperspektivet.
Politisk handsaming
Målet er å utarbeide førprosjektet utover hausten, slik at det kan handsamast politisk i november. Det er ikkje før mot slutten av året kommunestyret skal ta endeleg stilling til om det skal byggjast ein fleirbrukshall eller ikkje. Dei som framleis brenn inne med meiningar kan melde dei til styringsgruppa eller referansegruppa. Ola Helstad er leiar for styringsgruppa. |
| Blir gamle prestegardstunet litteratursenter? |
Diktarhus
Nokonlunde parallelt med planane om fleirbrukshall blir det arbeidd med planar om eit litteratursenter, eit diktarhus i Lom. Dette har stor interesse i Ottadalen og i regionen vår, så her er det prat om eit samarbeid. Ei arbeidsgruppe vil koma saman og førebu ei sak med framlegg til innhald, organisering o.s.b. i løpet av hausten. Dette arbeidet skulle ha vore i gong tidlegare, men har vorte utsett for å sjå om planane for fleirbrukshall kunne påverke planar for og lokalisering av eit diktarhus i Lom