www.lom.no

Om Lomsbygda

Midt i Ottadalen, i Oppland fylke, ligg fjellbygda Lom. Dei høgaste fjelltoppane i Noreg finn du her, og meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i Lom.

Kommunesenteret Fossbergom er eit moderne bygdesenter der dei fleste har sitt arbeid i reiseliv, handel og tenesteyting. Kultur og miljø vert teke vare på og ein set si ære i å kunne tilby tradisjonsrike produkt.

Fossbergom står fram som ein tettstad med særpreg, og politikarane i Lom har heile tida lagt stor vekt på byggeskikk og lokale tradisjonar. Lom Stavkyrkje frå tolvhundretalet er ei av dei vakraste stavkyrkjene i landet. Mange tusen turistar er innom i løpet av året, men samstundes er kyrkja i bruk som hovudkyrkje.

Jord- og skogbruk er største enkeltnæringa i Lom. Høve til hausting av utmarksressursar ved beiting og setring er avgjerande for dei jamnt over små gardane. Gardsturisme nytt satsingsområde - nokre driv overnattingsverksemd - andre satsar på ny bruk av setrene. Brimisætre med gardsysteri og arrangement.

Fakta:
Lom har eit areal på 1945 km2 - og til ca. 2.500 innbyggjarar er det god plass!
Men over 90 % av arealet er høgfjell over 900 m.o.h., og det er 1 % dyrka jord og 4 % produktiv skog.
Samla oversikt:
7 % bre
77 % snaufjell
4 % elvar/innsjøar
9 % skog
1 % dyrka mark
1 % myr
1 % anna areal