Arenaer
Lom har mange ulike arenaer for kulturtiltak, aktivitetar og møte mellom menneske.
Her er nokre av dei.
Bøverdalen samfunnhus
Bøverdalen samfunnhus ligg på Galdesand der Galhøpiggvegen startar. Huset har m.a. samlingssal, kafe og vandrarheim. Huset var opphavleg bygt som meieri.Garmo bygdahus
Garmo bygdahus ligg ved riksvegen like vest for Garmo sentrum. Huset har vore påkosta og utvida i seinare tid. Huset har m.a. samlingssal og moderne kjøken.Garmo idrettsplass
Garmo idrettsplass ligg strategisk i byggjefeltet Frisvoldskogen og nær skulen. Idrettplassen har grasbane med løpebane rundt.Garmo kyrkje
Garmo kyrkje ligg på eit høgdedrag midt i Garmo. Kyrkja er ei langskipskyrkje i tre. Kyrkja har god akkustikk og er m.a. brukt til konsertar og innspelingar, i tillegg til kyrkjelege handlingar.Grov stadion
Grov stadion er idrettsanlegget i Lom sentrum. Anlegget ligg ved elva på nordsida av sentrum, like nedanfor samfunnshuset. Anlegget inneheld fleire grusbanar og ei nokså ny kunstgrasbane med flaumljos. Lom idrettslag har klubbhus i Grov. Sjå elles nettsida
www.lom-idrett.noKvåle kulturgard
Kvåle kulturgard er ein gamal tradisjonsgard mellom riksvegen og elva om lag 3 km aust for Lom sentrum. Her har Jotunheimen underhaldning med frilansskodespelar Endre Skjåk i spissen base. Staden byr på allsidige kulturhendingar og utstillingar og er også open for private lag. Sjå elles nettsida
www.teater-skjaak.noKyrkjelydshuset
Kyrkjelydshuset ligg i Lom sentrum like ved Norsk Fjellmuseum. Huset har m.a. samlingssal og bustader. Opphavleg var huset bygt som bank.Leirmoen idrettsplass
Leirmoen idrettsplass ligg på Leirmoen i Bøverdalen og er ei lita grusbane. Bana har høge ballfangargjerde rundt og er av nyare dato.Liaskulen kulturmøteplass
Liaskulen kulturmøteplass ligg i den nedlagde Lia skule, som i dag er i privat eige. Kulturmøteplassen hyser i fyrste rekkje intimkonsertar av høg kvalitet med ditto servering v. vertskapet Schakenda.Lidarende grendahus
Lidarende grendahus er eit intimt samlingslokale med nokre år på baken. Kjøkenet er nyopprusta og tilfredsstiller krava i dag. Huset er samlingspunkt for liagrenda. Før Lia skule vart lagt ned var huset også kroppsøvingssal for skulen.Lom Bygdamuseum
Lom Bygdamuseum ligg i friområdet Presthaugen midt i Lom sentrum, like bak fjellmuseet og Kyrkjelydshuset. Særleg gardstunet og våningshuset Glømsdalsstugu er brukt ein del til samlingar og tilstellingar, særleg sommarstid, men også om vinteren. Lom kommune eig museet, men det er Gudbrandsdalsmusea AS som driv Lom Bygdamuseum. Sjå nettsida deira
www.gudbrandsdalsmusea.noLom folkebibliotek
Lom folkebibliotek ligg i den gamle prestegarden like ved Lomskyrkja. Biblioteket er moderne og godt tilgjengeleg. Frå tid til anna er det ymse kulturaktivitetar i biblioteket. Lom Friviljugsentral. Lom Friviljugsentral ligg i kjellaren på den gamle prestegarden like ved kyrkja, i same huset som både biblioteket, Loarutsalet husflid og administrasjonen til den vidaregåande skulen.Lom samfunnshus
Lom samfunnshus er storstova i Lom. Saman med idrettsanlegget i Grov utgjer samfunnshuset den største samlingsplassen for kultur- og idrettsarrangement i Lom. Samfunnshuset inneheld sal og sene, liten sal, kjøken og trimrom i hovudetasjen. I kjellaretasjen er det symjehall, trimrom og garderobar. I loftsetasjen er det øvingslokale for musikkorpsa.Det er planar om å byggje ein fleirbrukshall i tilknyting til samfunnshuset. Om dette blir realisert blir avgjort innan utgongen av 2010.
Lom stavkyrkje
Lom stavkyrkje ligg godt synleg i Lom sentrum. Kyrkja er 850 år gamal. Eit så spesielt bygg med ei så lang historie representerer ein kulturskatt og ein arena med ein heilt eigen atmosfære. Utanom kyrkjelege handlingar er kyrkja brukt til ein del konsertar o.a. Kyrkja er svært mykje besøkt av turistar. Det er organisert omvisarteneste på ulike språk. Lom samfunnshus ligg i utkanten av Lom sentrum, sentralt plassert mellom Grov stadion og Lomskyrkja. Huset er det største samfunnshuset i bygda. I det snart 50 år gamle huset er det m.a. stor sal med scene, mindre sal i tilknyting, gamalt kjøken, symjebasseng og garderobeanleggLom ungdomsskule
Lom ungdomsskule ligg ved riksvegen midt i Lom sentrum, like ved kyrkja, biblioteket og samfunnshuset. Skulen har nyleg vore påbygd og oppgradert. I dag inneheld ungdomsskulen m.a. amfisal til ca. 100 personar og romsleg elevkantine med moderne kjøken.Midtgard
Midtgard ligg midt i Lom sentrum og er kommunehuset i Lom. Også banken held til i bygget. Utanom offentlege kontor og sørvistorg har Midtgard m.a. møterom og kommunestyresal.Norsk Fjellmuseum
Norsk Fjellmuseum ligg midt i Lom sentrum mellom elva Bøvra og Kyrkjelydshuset. Fjellmuseet inneheld m.a. amfisal til 80-90 personar der m.a. Bygdekinoen har framsyningar annakvar veke. Utanom utstillingar og kontor har fjellmuseet lokale som eignar seg til mindre samkomer og intimkonsertar. Lokalet inneheld flygel og har svært god akkustikk. Sjå nettsida deira
www.fjell.museum.no