www.lom.no

Norsk Fjellmuseum

Norsk Fjellmuseum – med utsikt til innsikt

På Norsk Fjellmuseum er samspelet mellom mennesket og fjellet hovudtema. I sentrum av Lom, med tre nasjonalparkar utanfor, finn du spanande og moderne utstillingar, der bilete, lyd, lys og gjenstandar syner korleis folk har gleda seg over og brukt fjellet frå istida og fram til våre dagar. Her finn du også nasjonalparksenteret for Jotunheimen og Reinheimen.

Allsidig museum

Nasjonalparksenteret skal være ei open dør til natur og naturopplevingar. Kom innom å hels på mammuten, lær meir om naturen, dyrelivet, landskapet og turar i nasjonalparkane våre. I turistinformasjonen får du hjelp til å planleggje din fjelltur. Her kan du og kjøpe kart, bøker, gåver og andre reiseminne.
Det er eit allsidig kompetansemiljø innan formidling, naturforvaltning, friluftsliv og reiseliv på Norsk Fjellmuseum.

Samlokalisering

Samlokalisering med Statens naturoppsyn (SNO), Lom fjellstyre, Jotunheimen reiseliv AS, Gudbrandsdals-musea A/S i Nord-Gudbrandsdalen og Naturopplevingar AS skaper et dynamisk og godt arbeidsmiljø, der aktørane dreg nytte av kompetansen til kvarandre.

Fører friluftstradisjonen vidare

For deg som har vore på tur i fjellet og blitt glad i den ville og vakre fjellnaturen, vil du alltid kjenne ei dragning attende. Lom har lange tradisjonar i å ta imot folk som skal til fjells, og vi ønskjer å ta imot folk og føre vidare den norske friluftstradisjonen i fjellet. Vi menneske søker fyrst og fremst til fjella for å oppleve ro og fred, og dette vil vi på Norsk Fjellmuseum bidra til.