www.lom.no

Kva er Klimapark 2469?

Klimapark 2469 er eit forprosjekt som skal legge grunnlaget for å opprette Noregs fyrste klimapark i Lom.

Visjon
Visjonen for Klimapark 2469 er "å utvikle Klimapark 2469 til ein unik arena for formidling, forskning og verdiskaping knyt til klimaendringar, kulturminne og høgfjellsnatur i eit langtidsperspektiv".

Bakgrunn
Bakgrunnen for forprosjektet er at det dei siste åra har kome ei mange internasjonale rapportar og observasjonar som vitnar om at vi står ovanfor dramatiske endringar i klimaet. Til dømes kan vi no sjå at det er unike arkeologiske funn som smeltar fram frå breisen i fjellheimen i Oppland. Det skjer stadig meir forsking på klimaspørsmål. Klimapark 2469 har som målsetting å formidle ny klimahistorisk kunnskap til barn og unge så vel som ålmenta. Klimaparken vil vere ein arena der ein fysisk kan sjå og sanse kva som skjer med klimaet, og oppleve samanhengar mellom natur og kultur i eit langtidsperspektiv. Lom kommune er ein av samarbeidspartane og støttespelarane til klimaparkprosjektet.

Meir om Klimapark 2469
Les meir om Klimapark 2469 på www.klimapark2469.no