Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult
A A A

Jotunheimen

Jotunheimen – på Noregs tak
I Jotunheimen finn du dei mektigaste og høgste fjelltoppane i Noreg, med Galdhøpiggen 2469 moh som den høgaste. Alle fjelltoppar høgare enn 2300 moh ligg i Jotunheimen og er populære turmål. Jotunheimen har majestetisk fjellnatur med isbrear, særeigne vassdrag og sjøar, spor etter jakt og fangstkultur, intakt seterlandskap og rik flora der mange planter når sin høgderekord.

Sidan slutten på 1800-talet har Jotunheimen vore eit av dei mest populære områda for fjellvandring. I dag er om lag 300 km turstigar T- merka, og du kan overnatte på ei rekkje betente og ubetente turisthytter i og utanfor nasjonalparken. I Jotunheimen kan du blant anna oppleve fottur frå hytte til hytte på godt merka stiger, brevandring, tinderangling, klatring, sommarskiløping på langrenn og alpint. Om du ikkje vil gå på eiga hand, kan du leige deg fjellførar. Det er fleire selskap og turlag som har tilbod om organiserte turar i nasjonalparken.


  • Tips en ven