Liv i Lom-fondet
Retningsliner for Liv i Lom-fondet
-Utviklingsrådet tilknytt Liv i Lom-prosjektet fordeler midlane i Liv i Lom-fondet.
- Ordninga med eit Liv i Lom-fond vert prøvd ut hausten 2009. I etterkant bør det gjerast ei evaluering innan utgangen av april 2010. Om ordninga er vellukka tek ein sikte på å oppretthalde eit Liv i Lom-fond ut prosjektperioden for Liv i Lom.
- Prosjektleiar gjennomfører ei førebels evaluering på grunnlag av innkomne søknader, med tanke på om dette tiltaket skal inn på budsjettet for Liv i Lom for 2010. Dette kan eventuelt omgjerast, dersom Utviklingsrådet ikkje er einige i evalueringa til prosjektleiaren.
Retningsliner for støtte til bulyst og trivselsfremjande tiltak i Bøverdalen
Utviklingsrådet fordeler støtta med bakgrunn i dei søknadene som kjem inn. Stønad til bulyst og trivselsfremjande tiltak i Bøverdalen vert finansiert med sentrale Bu-midlar frå Landbruks- og matdepartementet. Midlane er øyremerka tiltak i Bøverdalen.
Kven kan søkje:
Friviljuge organisasjonar og lag.
Samanslutting av privatpersonar.
Samarbeidskonstellasjonar mellom ulike aktørar (t.d. verksemder, friviljuge organisasjonar, landbruksorganisasjonar mfl.)
Kva vert det gjeve stønad til:
Bulyst og trivselsfremjande tiltak som kjem Bøverdalen til gode.
Det kan gjevast støtte til allmenne aktivitetar, arrangement eller andre utviklingstiltak.
Tiltak som gjer Bøverdalen meir attraktiv for næringsutvikling og busetjing vert prioritert.
Retningsliner for støtte til kulturbasertnæringsutvikling
Utviklingsrådet fordeler støtta med bakgrunn i dei søknadene som kjem inn.
Kven kan søkje:
Personar som ynskjer å utvikle næring basert på kulturelle uttrykk, eller ynskjer å starte verksemder basert på kultur.
Verksemder som ynskjer å starte eller vidareutvikle produksjon av nye produkt eller tenester baserte på kultur.
Kva vert det gjeve stønad til:
Prosjekt, aktivitetar, tenester eller produkt baserte på kultur.
Det vert lagt vekt på aktiv kulturformidling, originalitet og nytenkjing med røter i kulturen. Unge søkjarar i etableringsfasen vert prioritert.






