UTGARD/Tenester til deg/Kyrkja/Lom stavkyrkje

Lom stavkyrkje

Lom stavkyrkje fasade
Lom stavkyrkje fasade

Om kyrkja

I Lom stavkyrkje vart tømmer datert til 1158. Kyrkja er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. Inne i kyrkja finn ein mellom anna ei stor samling måleri frå 1700-talet og mykje vakker akantusskurd. Opp gjennom tida har kyrkja vore bygd om og utvida fleire gonger, noko ein kan sjå tydelege spor av. Då kyrkja vart restaurert fyrst på 70-talet vart det høve til omfattande utgravingar. Det  vart gjort fleire interessante funn av pilegrimsmerke, runestavar, pergamentdokument og det største samla myntfunnet i Noreg på heile 2245 myntar.

Inne i Lom stavkyrkje
Inne i Lom stavkyrkje

Inventar

Litt av interiøret i Lom stavkyrje
Preikestolen i Lom stavkyrkje
Preikestolen som blei laga i 1608 blei etterkvart bytt ut med ein større lenger fram i kyrkja. Sokneprest Povel Nilsen Friis kosta dette arbeidet, medan kyrkjelyden kosta målinga. Den var truleg måla med motiv i kvar flate. Eit av dei opprinnelege motiva inn mot koropninga er teke vare på. I 1793 kom akantusskjæringa til Lom stavkyrkje. Jakup Sæterdalen skar ut felt i "krillskurd", som blei lagt utanpå den gamle preikestolen frå 1669. Han skar òg ut ny korboge.
Gamal lysekrone i tre i Lom stavkyrkje
Det vart gjeve mange gåver til kyrkja. Denne treljosekruna vart gjeve til kyrkja i 1664. Det er totalt 17 trljos. Ljosekruna er raud og grønmåla, og den heng framleis i fremre del av hovudskipet.
Maleri til minne om Rolf Michelsen Blakar.
Den eldste signerte gåva til Lom stavkyrkje er ei minnetavle. Tavla er til minne om Rolf Kristensen Blakar. Det er gjeve av sonen. Maleriet forestiller Rolf Michelsen Blakar med frue og seks søner og seks døtre. Maleriet vart i 1799 fornya av ein slektning av gjevaren, Rolv Svendsen Blakar. Det vart då måla inn krossfestinga over portrettrekkja. Hovudgrunnen for slike gåver på denne tida var gjerne å heidre minna av avlidne familiemedlemmer.
Takmåleri i koret, Lom stavkyrkje
Det mest sentrale i koret er takmåleriet som er utført av ein ukjent kunstnar, etter ombygginga i 1608. I midten av måleriet er Jesu dåp omgjeve av symbola for dei 4 evangelistane: engelen for Matteus, løva for Markus, Oksen for Lukas og ørna for Johannes. Inskripsjonen rundt er oversett til: "Dette er min son den utvalde, han som eg har hugnad i. (Matt. 3,17) Høyr han!"
Kyrkjeklokke Lom stavkyrkje
Det har sidan 1664 vore tre klokker i tårnet. No i dag er det berre den mellomste og minste som er i bruk.
Altartavla i Lom stavkyrkje
Altartavla har eit rennesansemåleri av nattverden. Det er signert "1669, Joan:Nic:Hipinxit", det er diverre ukjent kven som skjuler seg bak denne signaturen. Då altarbilete fekk ei ny rame i 1721, blei engelen med disken og engelen med kalken festa til altartavla. Dei to største tinnljosestakane hadde føt, men desse vart fjerna i 1780. Dei to små er av messing.
Orgelet i lom stavkyrkje
Orgelet i lom stavkyrkje
Orgelet i Lom kykje stod ferdig i 1909. Det var ei gåve frå lomverer i Amerika som var plåga av heimlengsel. Over orgelpipene er det skore ut ein boge som er svært lik korbogen i kyrkja. på orgelfronten står det at orgelet er ei gåve frå lomverer i Amerika. I 1966 vart orgel bytt ut. Orgelfronten og bogen med utskjæringane vart behalde uendra.
Tips ein ven Skriv ut