Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult
A A A

Miljøagentane i barneskulen

Fyrste skuledag hausten 2009 vart alle som starta i 1. klasse på barneskulen, utnemnde til miljøagentar. Dei skal lære om miljø og passe godt på at dei vaksne tek miljøomsyn i kvardagen.

Ordførar Simen Bjørgen og miljøkonsulent Sander Sælthun utnemnte alle fyrsteklassingane i heile kommunen til miljøagentar fyrste skuledag hausten 2009. Dei ferske agentane har allereie gjort seg fortente til nemninga på ulike måtar.
Kjeldesortering
På Loar barneskule og Garmo oppvekstsenter har elevane starta med kjeldesortering. - Vi har ønska oss kjeldesortering i lang tid og gler oss til å sortere papir, matavfall, plast og andre ting, seier rektor på Loar barneskule Marit Rossehaug.

Hugsar handlenett
Dei ivrige miljøagentane tenkjer på korleis vi kan ta miljøomsyn i kvardagen. Mange har allereie blitt svært medvitne på at vi må slå av ljoset når vi forlet eit rom, at det er betre å gå eller sykle på korte turar enn å bruke bil og at det er gjenbruk som gjeld. Målet om eit "posefritt Lom" tek dei på alvor og seier i frå om ikkje det gjenbrukbare handlenettet er med...



  • Tips en ven