Lom Kommune Plassholder
Kulturmøtet 2010
 <description>KULTURELL SAMORDNINGS- OG IDEDUGNAD for alle friviljuge lag og andre interesserte i Lom i auditoriet på Lom ungdomsskule onsdag den 29. september 2010 kl. 19.30.</description>
Unge talent på martnasfest
 <description>Ikkje berre Staut og Von kjem åt Presthaugen på martnaskonsert/-fest laurdag. Også unge lovande lomværar skal gle folkehopen med musikk. Før Von og Staut startar opp blir det Unge talent i Presthaugen der lokale musikktalent presenterer kjente klassiske låtar Frå kl. 21 kan du høyre m.a. Brede Aamodt, Kjartan Haugen Foss, Eilev Magne Øverli, Knut Inge Øverli, Brage Lund Aakre, Iver Lund Aakre, Torgeir Rusten Lund, Juni Jonsson, Ragnhild Kvåle Olstad, Ola Vestad og Kjell Erik Nestvold. Verdt å få med seg!</description>
Dansens dag i Lom
 <description>Kulturskulane i Lom, Skjåk og Vågå feira Dansens dag med buskdans i Lom sentrum sist torsdag. Det var danseframsyningar kl. 18.10 (Bakeriet), 18.30 (Koopen) og 19 (Nordal). Dansarane er kulturskuleelevar frå dei tri grannekommunane i Ottadalen. Mange hadde møtt opp for å sjå dei flinke danseelevane boltre seg i nasjonalparklandsbyen. Også kommunestyret fekk eit triveleg kulturavbrekk i møtet sitt.</description>
Sesongstart i Grov
 <description>Laurdag brakar det laus i Grov. Fotballsesongen er i gong også i år. Hovudtrenar Ola Gjeilo er forsiktig optimist. Han tykkjer Lom har eit godt lag i år, men vil ikkje røpe ambisjonar for laget. Det viktigaste er ikkje einskildprestasjonane, men lagspelet. Han held fram at det er viktig å ha eit godt tilbod også i ei fjellbygd, der ein ikkje har høve til å kjøpe spelarar i stor stil, slik det har vorte vanleg på toppnivå. Vi har eit godt lag, og vi håpar folk vil koma og sjå på kampane i Grov, seier han. Fyrste kampen er altså no laurdag. Han går mot Vest-Torpa. Meir om lomsfotballen finn du på www.lom-idrett.no</description>
Kulturkvalitet i Liaskulen
 <description>Sundag kveld var det duka for nok ein kvalitetskonsert i kulturmøteplassen Liaskulen. Denne gongen var konserten eit samarbeid mellom Lom kommune og familien Schakenda. Arve Moen Bergset og kona Gudrun Skretting baud på variert kost av norske og utanlandske komponistar, nyare og eldre musikk og folkemusikk på hardingfele. Morten Schakenda hadde ordna til delikat ostebord med mange vellagra franske ostar, brød, drikke og anna snadder. Eit syttitals frammøtte fekk ein minnerik kveld med høgverdig føde for kropp og sjel. Vil du få informasjon på epost når det blir fleire konsertar i Liaskulen kan du gje eit hint til kulturkontoret eller stikke innom Bakeriet i Lom og skrive deg på epostliste.</description>
Kulturell pangstart
 <description>Jeanette og Morten Schakenda har ikkje berre kjøpt liaskulen til privathus. No har dei også gjort heimen sin til kulturmøteplass, gjestfri og nyskapande som nokon. Opningskonserten måndag var ein overveldande intimkonsert med nokre av dei fremste musikarane i landet innan klassisk musikk. Brørne Øyvind og Håvard Gimse (cello og flygel) og brørne Kjell og Lars Andreas Tomter (fiolin og bratsj) tok pusten frå ei fullstappa storstove i Lia.</description>
Vidare til fylkes-UKM
 <description>Den lokale mønstringa for unge i norddalen vart avvikla sist helg. Av over 50 innslag på UKM for seniorar (13-20 år) sundagen gjekk 19 innslag vidare til fylkesmønstringa. Heile fire av desse er frå Lom. Dei som gjekk vidare frå Lom er Onnbrokjé mi (fotoutstillinga "Tusen ord" av Marit Sletten og Live Andrea Sulheim), Martin Sanden Akslen (song), Annbjørg Pasteur Stø (song) og Vemund Olav Aukrust (klaver). Vi gratulerer og ynskjer lykke til på fylkesmønstringa på Leira i Valdres 16.-18.april!</description>
Gå for Haiti
 <description>Garmo idrettslag oppmodar alle til å gå for Haiti i kveld - på ski eller føtene. Coop Ottadalen, Ottadalen Mølle, Lom Møbelindustri og Sparebank 1 Lom og Skjåk vil saman gje 20kr for kvar km som blir gått i kveld. Nytt høvet og gje ei hjelp til trengjande på Haiti samstundes som du får deg ein frisk tur sjølv. Les meir på Garmo idrettslag si nettside www.garmo-il.com.</description>
Ungdom med kraft
 <description>I helga var det UKM i Vågå. Ungdommens kulturmønstring er årleg arrangement over heile landet. Mønstringa i Vågå var for dei seks norddalskommunane Lom, Vågå, Skjåk, Lesja, Dovre og Sel. I Vågå kulturhus fekk dei yngste frå 10 år boltre seg laurdag, medan dei frå 13 til 20 hadde to framsyningar sundagen. I alt hadde nær 250 unge 75 innslag på tri framsyningar i Vågå. Imponerande! Frå Lom imponerte Kjartan Haugen Foss med virtuost gitarspel på juniormønstringa. (Foto: GD.) På seniormønstringa imponerte våre deltakarar med ulike uttrykk: Hilde Graffer (film), Martin S. Akslen (song), Vemund Olav Aukrust (flygel), Magnus Bø (novelle), Ragnhild Kvåle Olstad (song), Onnbrokjé mi (Foto av Marit Sletten og Live Andrea Sulheim), Marina Kvålshagen (song) og Annbjørg P. Stø (song). Heile fire av Lom sine innslag går vidare til fylkesmønstringa på Leira vgs 16.-18.april. Solid innsats frå Lom, m.a.o. Kva for fire innslag det gjeld er ikkje offentleg enno.</description>
Stor skiaktivitet i Lom
 <description>Det er eit svært aktivt skimiljø i Lom. Det syner seg på fleire måtar. Ikkje minst i den store iveren og deltakinga på ljosløyperenna i Lia kvar tysdag kl. 18.30. Rundt 100 deltakar frå dei nesten nyfødde med ski på føtene til dei meir drivne og tilårskomne. Eit slikt miljø står det mange eldsjeler bak som gjer ein eineståande innsats for dei unge i bygda. Og med slik innsats og breidde blir det også fort nokre "northugar" innimellom. Det har vi også i Lom. Det ser ein tydeleg på sportssidene i avisa om dagen. Ikkje til å undre på at skigruppa i Lom i.l. no satsar på å ruste opp det tilårskomne og velbrukte anlegget.</description>