Lom Kommune Framside
Synfaring utanbygds
 <description>Eit titals personar frå styringsgruppa og referansegruppa for fleirbrukshall gjer seg klar for å sjå korleis andre har løyst dei mange utfordringane i samband med fleirbrukshallar. Viss det blir bygging i Lom, kan det vera ein fordel å kjenne litt til korleis andre har løyst sine utfordringar, kva vanskar som har dukka opp, kva gode grep dei har gjort og evt. kva for tabbar dei gjerne kunne vore utan. Synfaringa er onsdag 8.sept. i og ved Trondheim.</description>
Ungdomsrådet i Röttingen
 <description>Ungdomsrådet i Lom har nyleg vore i venskapslandsbyen Röttingen i Tyskland. Der fekk dei fortelje byrådet om ungdomsrådet, kva det er og korleis det fungerer. Elles var det utveksling av gode idear, ulik kultur og etablering av grenselaust vennskap.</description>
Norskopplæring for vaksne framandspråklege
 <description>Med atterhald om politisk godkjenning vil Lom kommune hausten 2010 arrangere 50-timarskurs for vaksne som har flytta til Lom og ynskjer å lære norsk. Om du er interessert, ta kontakt med Lom ungdomsskule ved Anita Sandviken anita.sandviken@lom.kommune.no, telefon 948 81 814 innan 15.september.</description>
Telefontid ved legekontoret
 <description>Frå 1. september 2010 får du høve til å kome i direkte kontakt med legen dersom du ringer i tidsrommet 11.00 - 11.30. Dette for at du ikkje skal måtte sitja og vente heile dagen på at legen ringer deg opp att. Når du ringer 61217200 i tidsrommet 11.00 - 11.30 møter du ein telefonsvarer som gjev deg 5 tastevalg. Ein tast for kvar av legane og ein tast for ekspedisjon. Det er ikkje høve til å snakke med legen utover dette tidspunktet. Vi håper dette vil bli ei betre ordning for både pasientane og legane, men tek forbehold om litt ventetid i oppstartsfasen.</description>
Godt nøgde innbyggjarar i Lom
 <description>Gjennomsnittet i heile landet er 4,0, i Lom fekk vi ein totalscore på 4,1. Det syner resultatet av innbyggjarundersøkinga som vart lagt fram for formannskapet denne veka. Både på tryggleik og servicetilbod scorar vi høgast i landet, og på dei fleste andre dimensjonane ligg vi over landsgjennomsnittet.</description>
Barbro og Rikard Marstein's Utdannings- og næringsfond
 <description>Fondet gjev økonomisk støtte til utdanning og etablering og drift av næringsverksemd for personar frå Lom kommune som tek meisterutdanning i eit handverksfag. Primært skal støtta gå til personar innan fagområda snikkar, treskjerar, trevare- og møbelsnikkar og tømrar.</description>
Hall og hus
 <description>Planane for fleirbrukshall i Lom er no inne i førprosjektfasen. Skisseprosjektet har vore ute på høyring. Det har vore presentert på stand på martnan og på nettsida vår. I desse dagar blir ei referansegruppe etablert. Gruppa har representantar frå ulike aktuelle brukargrupper og vil koma med konstruktive innspel i planprosessen framover. Dei innspela som ikkje alt er komne bør koma innan skulestart eller helst ikkje seinare enn august.</description>
Istunnelen opna
 <description>Eit hundretals interesserte frå fjern og nær fekk oververa opninga av den spektakulære isgrotta i Juvfonna tysdag. Folk frå ulike fagmiljø og politiske miljø hadde møtt opp. Likeins bygdafolk og andre interesserte. Ordførar Simen Bjørgen ynskte vel møtt og orienterte om bakgrunn, gjennomføring og visjonar for den kunstige isgrotta, som er eineståande i sitt slag i verda.</description>
Næringsprisen åt Nordal
 <description>For lang og tru teneste, kunne ein ha sagt. Egil Nordal har utvikla ferdmannskvila Nordal til ein stor og moderne turiststad med hotell, motell, kafe, hytter, campingplass, bensinstasjon, gatekjøken og meire til. Den velvaksne prisvinnaren er framleis aktiv og framtidsretta. Martnasfolket sette pris på tildelinga, og vinnaren sjølv var tydeleg rørt. Ein høgst fortent pris, må konklusjonen vera.</description>
Referansegruppe for fleirbrukshall
 <description>Skisseprosjektet for fleirbrukshall har lege ute til open høyring. I tida framover sommaren og hausten vil førprosjektet utarbeidast. Det er viktig for Lom kommune å få så nært samarbeid som mogleg med aktuelle brukargrupper i denne prosessen. Difor blir det no oppretta ei referansegruppe samansett med ein representant frå kvart hovudfelt av brukargrupper. Det er framleis mogleg å koma med innspel i planprosessen, anten gjennom referansegruppa eller direkte til prosjektgruppa i kommunen. Så snart referansegruppa er klar vil det bli offentleggjort kven som utgjer gruppa.</description>