Vi set pris på deg!
Som friviljug i Lom er du svært viktig for å skape trivnad i bygda! Gjennom Liv i Lom gjer Lom kommune fleire ting for å vise at innsatsen blir set pris på. To døme er arrangementet lagsfest og utdeling av den nye friviljugprisen for Lom.
Lagsfest
For tredje år på rad vart det i september arrangert lagsfest for å gjere stas på alle dei friviljuge eldsjelene som finst i kommunen. Arrangementet har vore på Andvord, Norsk Fjellmuseum og Storhaugen gard. Programmet er gjerne variert med kulturinnslag, god mat og fagleg påfyll for leiarar i friviljug sektor. Arrangør er Liv i Lom saman med kulturkontoret.Friviljugprisen
På oppfordring frå dei friviljuge laga sjølv er det oppretta ein eigen pris for å heidre ein representant for dei mange eldsjelene i kommunen. I tre år har Lom kommune nominert ein friviljug til den nasjonale friviljugprisen som blir delt ut av Frivillighet Norge. Frå i år har Lom kommune oppretta ein eigen friviljugpris med ei eiga nemnd med kulturkonsulent, musikkråd og idrettsråd er representert. Den fyrste som vart tildelt Lom sin friviljugpris er Marit Sletten. Nemnda sin grunngjeving var:* Ho står fram som ein optimistisk og løysingsorientert leiar med syn for nye idear og lite fokus på moglege hindringar på vegen.
* Vinnaren fører vidare ein god og viktig tradisjon både når det gjeld velvilje, optimisme, kreativitet og dugnadsinnstilling i det friviljuge arbeidet i Lom.
* Vinnaren av friviljugprisen har engasjert seg på mange område, ikkje minst som initiativtakar til hobbydans og -dramagruppe blant unge i Lom, leiar av Lom ungdomsråd og som festivalleiar for vinterfestivalen Bøverbrus.
Rekrutteringskveld
Mange lag og organisasjonar ynskjer å styrke rekrutteringa av ungdom og unge vaksne. For å inspirere fleire til å engasjere seg i ulike verv i organisasjonslivet arrangerar Lom og Skjåk ei felles samling i november 2009. Ta kontakt med Gry Bystøl i Liv i Lom om du vil ha meir informasjon om arrangementet, og følg med på lom.noStatus for det friviljuge livet
Liv i Lom har gjort ei undersøkjing for å finne ut kva som er felles utfordringar og samarbeidsområde for friviljuge lag og organisasjonar. Rapporten kan du få kopi av ved å vende deg til Liv i Lom.Har du andre gode idear til korleis kommunen kan gjere det enklare å drive friviljug aktivitet, ta kontakt med kulturkontoret eller Liv i Lom.





